Avansert søk

Eitt treff

Bokmålsordboka

Nynorskordboka 761 oppslagsord

enn 1

subjunksjon

Opphav

norrønt an, en

Tyding og bruk

  1. brukt ved samanlikning etter komparativ (1
    Døme
    • det er verre enn før;
    • det kjem fleire enn eg;
    • ingen annan enn du;
    • lenger enn langt;
    • meir enn gjerne;
    • han er mykje betre enn konkurrenten
  2. innleier ei leddsetning som uttrykkjer samanlikning etter komparativ (1 eller etter ‘annan’
    Døme
    • du liker henne betre enn eg gjer;
    • sanninga var ei heilt anna enn vi først trudde;
    • han er høgare enn eg var på den alderen

enn 2

subjunksjon

Opphav

norrønt enn ‘og, men’

Tyding og bruk

  1. brukt i spørsmål til å føre inn eit nytt moment;
    og, men, kva med
    Døme
    • eg vil, enn du?
    • kan du ikkje? Enn i morgon?
  2. brukt i utrop: tenk
    Døme
    • enn ein slik tosk!
    • enn å stå slik og lyge!
    • enn så godt!
    • enn at vi er gifte!

enn 3

adverb

Opphav

norrønt enn ‘enno’

Tyding og bruk

  1. enda (4, 2), ytterlegare
    Døme
    • det er med stor glede eg enn ein gong les manuskriptet
  2. Døme
    • ingen kunne sjå henne, enn mindre høyre henne
  3. brukt for å uttrykkje at noko gjeld uavhengig av alle andre forhold;
    Døme
    • kva som enn hender;
    • kva du enn gjer;
    • kor du enn bur;
    • kven du enn er

Faste uttrykk

  • enn seie
    og enda mindre;
    og særleg
    • det er vanskeleg å lese det, enn seie forstå det
  • enn så lenge
    inntil vidare;
    førebels
    • enn så lenge har han arbeidsoppgåver nok
  • om enn
    enda om;
    enda (2
    • huset er i god stand, om enn det er gammalt

forlove seg

Tyding og bruk

Sjå: forlove
  1. avtale ekteskap;
    Døme
    • dei forlova seg førre veke;
    • det gjekk rykte om at han hadde forlova seg
  2. love meir enn ein kan halde

forlove 1

forlova

verb
kløyvd infinitiv: -a

Opphav

frå lågtysk ‘love høgtidleg’; av for- (2

Faste uttrykk

  • forlove seg
    • avtale ekteskap;
      trulove seg (1)
      • dei forlova seg førre veke;
      • det gjekk rykte om at han hadde forlova seg
    • love meir enn ein kan halde

brusk

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt brjósk

Tyding og bruk

  1. lyst og fast støtte- og bindevev som er mjukare enn bein, og som kan gje litt etter
  2. organ eller organdel av brusk (1)

bronse 1

substantiv hankjønn

Uttale

brånˋse; brånˋgse

Opphav

gjennom fransk; frå italiensk bronzo

Tyding og bruk

  1. legering (2) av kopar (1) og tinn (1) der tinnet utgjer mindre enn 25 %
    Døme
    • ein gammal mynt av bronse
  2. tredjeplass i konkurranse;
    Døme
    • Noreg tok ein bronse i verdsmeisterskapen

pluss 2

adverb

Opphav

av latin plus ‘meir’

Tyding og bruk

  1. i addisjon: med tillegg av (i matematikk skrive +);
    Døme
    • to pluss to er fire (2 + 2 = 4);
    • 90 kroner pluss moms
  2. brukt framfor eit tal for å vise at det ligg over null
    Døme
    • pluss fire grader celsius (+4 °C);
    • +15 er eit positivt tal
  3. brukt etter skulekarakter for å vise at resultatet er litt betre enn det karakteren står for
    Døme
    • få 4+ på prøva

Faste uttrykk

  • i pluss
    med overskot (1)
    • rekneskapen gjekk i pluss
  • pluss minus
    brukt ved omtrentleg fastsetjing av talverdi;
    cirka
    • turen tek pluss minus sju timar;
    • det blir rundt 15 grader, pluss minus

brennevin

substantiv inkjekjønn

Opphav

av lågtysk bernewin, opphavleg ‘brend (det vil seie destillert) vin’; jamfør brandy

Tyding og bruk

alkoholhaldig drikk med meir enn 22 volumprosent alkohol
Døme
  • søkje om løyve til å skjenkje vin og brennevin

brenselolje, brenselsolje

substantiv hankjønn eller hokjønn

Tyding og bruk

samnemning for oljeprodukt som er tyngre enn bensin og lettare enn smørjeolje